« Sykkelbekledningen har kommet! | Main | Øyvind og Andreas på TVNORGE »

Rapport fra Vinjerock

Sist veke tok vi ei pause frå ekspedisjonsførebuingane og la kursen mot Eidsbugarden og Vinjerock! Etter fjorårets besøk var forventningane på topp til denne festivalen som kombinerar god musikk, storslått natur og glade festivaldeltakarar. Eg og Jørn reiste oppover på torsdag, mens Øyvind måtte jobbe ein dag ekstra på Gardermoen. Vi håpa på sommarver og shorts, men måtte innsjå at det var stilongs og regntøy som var det påkrevde anntrekket. Men humøret var likevel på topp, spesielt etter at Jørn fekk gleda av å sjå seg sjølv i stort format.

Jørn var med på photoshoot i fjor og blei dermed kjendis i år.

Då bussane byrja å kjøre inn mot festivalområdet kom regnet og det blei litt kaotisk med massevis av folk som pressa seg inn i bussane. Men vi kom oss etter kvart inn til festivalområdet og neste prosjekt var å få satt opp telta. Dei vanlege fjelltelta fekk vi lett satt opp, men vi fann raskt ut at eit 300-kroners partytelt ikkje er laga for å bli montert i vindfulle fjell. Men med smart ingeniørkunst fekk vi festa alt og teltet stod faktisk resten av festivalen.

Endeleg hadde vi fått satt opp partyteltet!

Natt til fredag var ei kald og våt affære og regnveret fortsett det meste av fredagen. Eg hadde planlagt å gå opp Uranostind, og stod parat klokka 07:30. Imidlertid hadde eg nok ikkje fått med meg beskjeden om at turen var avlyst sidan eg var einaste oppmøtte. Men det skal seiast at ein varm sovepose frista ganske bra i forhold til det å gå opp på 2157 meter i kaldt regn, skodde og vind. Så dermed gjekk det meste av fredagen til å hyggje oss i partyteltet. Klokka 12 hadde Little Hands of Asphalt ein finfin konsert på scena inne i matteltet. Valkyrien Allstars leverte varene klokka 17 og Marit Larsen var i godt humør som vanleg då ho spelte litt seinare.

Valkyrien Allstars.

Erik Sollid.

Marit Larsen.

CC Cowboys framførde ei hitparade av det sjeldne slaget og Gaute Lein Ausrød sørga for kjempenachspiel i matteltet. Stemninga blei litt laber då han takka for seg, men så tok Hjaltalín over med DJ-sett og festen fortsette heilt til sikkerheitsvaktene nesten måtte dra dei ut av teltet. Vi kom etter kvart tilbake til teltplassen vår og såg med begeistring opp på himmelen som no var skyfri!

Laurdag vakna vi til strålande sol! Gjørma byrja så smått å tørke inn og det var ei fryd å gå bort til matteltet for litt frukost i shorts og t-skjorte.

Og det blei sol!

Våte sko.

Bra miljøtiltak på Vinjerock!

Frukosten var som alltid svært god og kokkane har virkelig lagt inn ein innsats for å få til bra mat på Vinjerock! Nytt for i år er Aasmunds Rettferdige Kaffebar. Her serverast det Fairtrade-kaffe, men ikkje nok med det! Vinjerock og Fairtrade har vore så greie å donere alt overskuddet av kaffesalget til UNICEF! Vi er spent på kor mykje pengar vi får inn til Schools for Afrika-prosjektet, og håpar at Vinjerockdeltakarane kjøpte mykje kaffe! Dersom du vil bidra til UNICEF kan du gjere det her!

Aasmunds Rettferdige Kaffebar der alt overskuddet gjekk til innsamlingsaksjonen vår!

Etter frukosten var det tid for eit bad i Bygdin. Temperaturen var nok ikkje så høg, men forfriskande var det i alle fall!

Jørn på veg til badeplassen.

Så var det endeleg tid for ein liten fjelltur. Vi gjekk berre opp på Utsikten, men det var uansett fint å slappe av litt i fjellet. Utsikta ned mot festivalområdet er vel heller ikkje av det verste slaget.

Andreas på tur over bekken (takk til Tor for bildet).

Verdas finaste festivalområde?

På ettermiddagen var det tid for SKAM. Dette bandet beståande av studentar frå Volda spelar ska-rytmer med trøkk og humør, og konserten var over all forventning. Sjekk ut SKAM her!

SKAM.

Heile gjengen samla framfor partyteltet.

Dagen fortsette vidare med det lokale bandet The Gamasamas som spelte klassisk 60-tallsrock. Dei neste høgdepunkta var naturlegvis Hjaltalín, Bo Kaspers Orkester og Bigbang. På grunn av magetrøbbel mista eg konserten med Bigbang, men ryktene seier at bandet leverte som vanleg!

Bo Kaspers Orkester.

Den dårlege magen gjorde til at eg måtte stå opp klokka 5. Men då eg blei møtt med dette synet var det ikkje så ille!

Dagen derpå var formen mildt sagt dårleg, og i skrivande stund er den fortsatt ikkje på topp. Men uansett var Vinjerock 2009 eit av årets høgdepunkt og vi er lei oss for at vi sannsynlegvis ikkje rekk tilbake til neste år! Ta ein titt innom Vinjerock.no og lov oss at du tek turen i 2010! Også mange takk til festivalsjef Eirik Høyme Rogn og Fairtrade for samarbeidet rundt kaffesalget!

Andreas, Øyvind og Jørn.

PrintView Printer Friendly Version

EmailEmail Article to Friend

References (2)

References allow you to track sources for this article, as well as articles that were written in response to this article.
  • Response
    Football is seriously a single of the largest sports in America. It has a big following.
  • Response
    Response: amd sempron

Reader Comments (3)

Ser ut som en utrolig flott festival! Må nok ta meg en tur til neste år :)

08.7.2009 | Unregistered CommenterKari

Stram kjevemuslkene litt mer Jørn. Seriøst..

09.17.2009 | Unregistered CommenterPederEs

Dette var skikkelig morsomt å lese! Spennende for oss som tar jomfruturen til Vinjerock i år. Gleder meg stort, og dette la ikke akkurat en demper på spenningen :)

07.15.2010 | Unregistered CommenterMari

PostPost a New Comment

Enter your information below to add a new comment.

My response is on my own website »
Author Email (optional):
Author URL (optional):
Post:
 
Some HTML allowed: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <code> <em> <i> <strike> <strong>