På tide med litt mat

Etter å ha tilbrakt fem veker på feltarbeid i Zambia har Øyvind gått ned 7 kilo. Eg greidde å halde meg på ca. same vekt, men med 69 kilo fordelt på 188 (?) cm må nok også eg skjerpe meg. Korleis vi skal gå nok opp i vekt til å klare oss gjennom sykkelturen veit vi ikkje heilt, men no er i alle fall eit lass med proteinpulver i hus. Forhåpentlegvis vil dette ha den ynskja effekten, men vi tek gjerne imot tips til mat med mykje karbohydrat og/eller feitt (helst litt sunn, skal alt tross alt vere i form til å sykle ganske langt). Eg var ein tur på KIWI for å sjå etter selfeitt, men det var dessverre utseld i dag.

Ellers er hardtreninga no offisiellt i gang, og vi skal nok klokke opp ein del timar på treningsstudio og sykkelsetet framover.

Andreas poserar stolt framfor det nyinnkjøpte proteinpulveret og tre esker proteinsjokolade.

Lån som forandrar liv

Kiva er verdas fyrste person-til-person mikrokreditt-nettside og gjev individar mulegheit til å låne pengar direkte til entrepenørar over heile verda. Du kan låne bort så lite som 25 Dollar, og etter at det er betalt tilbake kan du enten låne pengane til nokon andre eller få dei overført tilbake. Mikrokreditt har vist seg som ein svært effektiv måte å bekjempe fattigdom på; så registrer deg på Kiva i dag, bli med i gruppa vår, og lån bort pengar til personar som har bruk for dei!

Trykk her for å bli med i gruppa vår på Kiva!

Påske i Zambia

Vi er fortsatt i Zambia og driver fortsatt med feltarbeid. Det har ikke skjedd all verden: president Banda holder koken, påsketuristene gir seg ikke og krokodillen Bismarck venter enda på at noen skal ramle i elva. Neste uke skal vi til Botswana og se på dyr, det blir nok fint.

Vi har også gjort litt mer på siden vår og lagt ut mer om prosjektet, føl dere som hjemme.

Øyvind nyter et lokalt brygg i solnedgangen på Zambezi-elva.

1. innlegg i bloggen!

Velkommen til det fyrste innlegget her på KapptilKapp.no!

For tida er vi i Zambia på feltarbeid. Eg ser på dei økonomiske aspektane ved Mosi-oa-Tunya nasjonalpark, mens Øyvind tek ein titt på lokal deltaking i utviklingsprosjekt. På grunn av at vi bur ute i nasjonalparken har det ikkje vorte så mye trening i det siste. Ein veit aldri kva slags dyr ein kan møte på, og då er det ikkje så lurt å jogge eller sykle (ikkje har vi syklar her heller). Men så blir det om så meir trening når vi kjem tilbake til Noreg i slutten av april!

I tillegg til å utføre feltarbeidet så går vi også tur med løver kvar einaste dag. Frå tida Andreas jobba i Zimbabwe har han eit par venner som no driv eit prosjekt i Zambia. For å lesa meir om prosjektet kan du ta ein titt på nettsida til ALERT (African Lion and Environmental Research Trust).

I går tok vi ein titt på Victoria Falls. Det er berre eit kvarters kjøring frå der vi held til, ikkje lange strekningen altså. Eg hadde alt sett dei frå Zimbabwe-sida i 2006, men å stå rett ved fossefallet i Zambia var ei flott oppleving! Vi gjekk også over Victoria Falls Bridge, såg på bungie-jumping og tok ein halvtimes snartur innom Zimbabwe.

Page 1 ... 17 18 19 20 21